Beklager, lenge sidan sist!



Må berre beklage, alt for lenge sidan sist innlegg. Her kjem ei lita oppdatering. 

 

Tida går veldig fort og Astrid er i full gang med eksamenslesing. Denne helga er Øyvind-Olai og Endre i Kristiansand på besøk med farmor og farfar. Trur dei kosar seg mykje! 

Forige helg var vi i konfirmasjon i Bremanger med Mari, ho var ein nydeleg konfirmant. Heile familien Velsvik hadde bunad på seg:

I slutten av april hadde eg og Endre bursdag, så vi hadde ei lita feiring:



.... og ja eg har berre den flinke mannen! Mens eg var på Åse sjukehus  laga Endre både grillspyda og kaka (eg pynta den berre...)!

<3

Mamma og Øyvind-Olai på kafè, stas å suge med sugerør! 

Bilder









Helga snart over...

Då var denne helga også snart forbi, og vi har hatt ei veldig kjekk helg. Har hatt mykje tid saman, og kosa oss! I går var vi på karneval i Austefjorden. Det var gøy det! Øyvind-Olai og dei andre borna fekk ein godteripose kvar, og alle var veldig flott kledd ut. Øyvind-Olai var kledd ut som ein liten hund, mens vennindene Jenny og Eline var utkledd som prinsesse og marihøne. Dei var så skjønne alle tre! Skal legge ut bileta, må berre få dei over på dataen først. 

I dag har vi kosa oss heime, ete god middag og leika oss. Til middag i dag prøvde eg å lage ein rett som venninda mi Janne anbefalte. Det var terteskjell fylt med fiskepudding, reker og gulerot (Janne si oppskrift sa erter, men bytta det med gulerot) i kvit saus og karri. Det var utruleg godt! 

Når vi var ferdige å ete middag for vi ein tur opp til mormor og morfar. Dei har vore i Ålesund i helga på mesterhuskonferanse. Pappa blei kåra til årets mesterhusselgar, og Mesterhus Sunnmøre blei kåra til årets mesterhusbedrift! GRATULERER! :D 

Bilete kjem om litt.... 

 

Kva har de gjort i helga? 

Ny header

I dag har eg endeleg fått ein ny header. Også denne gong er det lisjesystra mi som har laga den. Veldig glad for å ha ei så flink syster. 

Øyvind-Olai stor trivs i barnehagen, leikar seg godt både ute og inne. Etter barnehagen i dag for vi på besøk til Eline. Der var også Bea og Jenny. Det var veldig kjekt, men etter ei stund ville Øyvind-Olai heim igjen. 

 

Kva synest du om headeren vår? 

Gå, gå, gå!

No går Øyvind-Olai meir enn han kryp. Han har funne ut at det er kjempekjekt å springe fram og tilbake, og at det kan gå litt fortare :) 

Veldig kjekt å sjå kor fort det går, føler ikkje det er lenge sidan han var født. 

Skal snart legge ut bilete på sida. 

Flinke guten våra!

I dag gjekk Øyvind-Olai seks steg! Var sjølvsagt ikkje heime, så fekk ikkje sjå det. Det er vell ikkje lenge til vi har ein liten prins som spring rundt no :) 

<3 <3 <3

Ein spesiell dag for oss

I dag var det ein stor dag for oss, dei begynte å grave på tomta vår :D Vi gler oss veldig mykje til å flytte inn, sjølv om det er ei stund til så har vi aldri vore så nærme som vi er no! Kjem til å halde byggeprosessen litt oppdatert her på bloggen framover! :) 

Rett før dei begynte å grave.... 


Gravemaskina er klar...




Her har dei gjort eindel.... :) Der ser de også to av nabohusa som er nybygde.

 

Happyday! :D 

helg, helg, endeleg helg!

Har vore i praksis heile veka, og eg såg virkeleg fram  til helg! Har vore ei veldig travel veke, og Øyvind-Olai har vore i barnehagen til omlag halv fire kvar dag. Eg henta Øyvind-Olai i barnehagen, for heim og laga dampemår til middag - var så godt. I det vi skulle setje oss ned å ete mat,  såg eg matteboka.... off... hadde gløymt av ei innlevering som skal inn til i morgon. Så dagen i dag har gått med til å skrive matteoppgåve mens Øyvind-Olai sov. Så for vi ein tur ned i sentrum, handla litt og no er vi heime igjen! 

 

I kveld skal eg i selskap til mi gode bestevenninde ASTRID THERESE, som blir 23 år i dag! Gratulerer så mykje med dagen, eg er kjempe glad i deg! :D 

 

No skal eg bort på skulen for å gjere litt matte saman med Tone Marie, så blei ei litt annleis helg enn eg først tenkte men slik er det å gå på skule - SNART ferdig no :)

 

Kva skal du i helga? 

GOD HELG!

Astrid

Kva tyder namnet ditt?

Veit du kva namnet ditt tyder? Har funne ut kva våre namn betyr:

Endre:

 

Betydning: Ensom rytter, mandig

Forklaring: Guttenavnet er en variant av Eindride som består av navnedelene ein og dride, hvor ein kommer fra et norrønt ord som betyr "alene", mens dridekommer fra det norrøne ordet "dridi", som kommer fra et verb som enten betyr "ri" eller "rå".

Kommentar: Er også en ungarsk form av Andreas, som betyr "mandig".

Navnedag: 26. september*

 

Astrid: 

 

Betydning: Gudevakker/Gud er vakker

Forklaring: Jentenavnet kommer fra det norrøne navnet Ástrídr, som er en sammentrekning av "ás" som betyr "gud", og "frídr" som betyr "vakker".

Navnedag: 13. april

 

 

Øyvind-Olai

 

Betydning: Lykkelig kriger

Forklaring: Guttenavnet er en variant av Eivind, som er utledet av det norrøne navnet Eyvindr, hvor "ey" kan komme av ordet "øy" som betyr "lykke", og "vindr" betyr "kriger".

 

Betydning: Stamfarens etterkommer, seiersfolk/folkeseier

Forklaring: Guttenavnet er en variant av Olav, som er utledet av det norrøne navnet Óláfr, som er en sammentrekning av to urnordiske ord som betyr "forfader/stamfar", og "etterkommer".

Namnedag: 26.august

 

 

 

 

KVA BETYR DITT NAMN? SØK HER: 


http://www.norskenavn.no/

Familiekos, og helg!

Endeleg kom helga, etter ei travel veke på skule, jobb og bhg. Fredag kosa vi oss berre heime. Var godt å  berre kunne slappe av. Laurdag hadde Endre Røde Kors vakt på reset. Vi to andre holdt oss heime, og etterkvart fekk mamma og dei besøk av ei studievenninde frå lærarskulen. Ho hadde med seg mann og yngste dottera, så vi var på god middag saman med dei. Koseleg å sjå igjen folk som ein ikkje har sett på monge monge år! 

 

Endre skulle ha vakt på skisenteret også i dag, så vi blei med opp for å lufte oss litt. Jenny og Helèna slo følge, så ungane skulle få kose seg ilag. Når vi endeleg var kome opp blei sjølvsagt Øyvind-Olai trøtt, og når han vakna sovna Jenny, men det er vell litt slik det er? Fekk rent på akebrett og ete pølse, det var godt. 

Når vi kom heim igjen var vi på middag med mamma og pappa, dei hadde laga ribbemiddag, og det var berre nydeleg. Øyvind-Olai avslutta dagen med eit godt bad. 

Så ei lita oppdatering om husbygging: 
I morgon eller tidleg i denne veka satsar vi på at dei skal starte å grave på tomta, dette er veldig veldig spennande! Vi gler oss til å kome i hus - ja det er ei stund fram, men vi har aldri vore så nærme som no! :D

 To bilder frå helga: 

Her ser de tomta vår, klar for å begynne gravinga! 


To gode venar! Foto: Helèna Myklebust Nielsen

 

Kva har du gjort i helga? 

Les mer i arkivet » Mai 2012 » Mars 2012 » Februar 2012
hits